Språkreisa (Innbundet)

Norsk gjennom to tusen år

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2007
Antall sider: 528
Forlag: Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788204111173
Kategori: Språk
Omtale Språkreisa

Spennande språkreise

Språkekspert Sylfest Lomheim byr på på ei underhaldande reise tilbake til norskens opphav.

Han guidar oss gjennom det dramatiske tusenåret då urnorsk gradvis gjekk over til å bli norrønt som vikingane så tok med seg ut i Europa, fram til dagens internasjonalt prega norsk. Den kunnskapsrike språkdirektøren syner bl.a. korleis samfunnsutviklinga har påverka språket vårt, og korleis menneska gjennom historia har teke til seg ord og vendingar i takt med nye behov.

 

Til toppen

Om forfatter Sylfest Lomheim

Sylfest Lomheim er fødd 1945 i Hafslo i Sogn. Han er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Agder, og er særleg kjend frå NRK. Han var språkkonsulent for NRK frå 1980 til 1994, han har vore medarbeidar i radioprogrammet Språkteigen frå 1990 og delteke i den populære TV-serien Typisk norsk.

Lomheim har frå 2004 vore direktør for Språkrådet, statens rådgjevande organ for språkspørsmål i Noreg, og han har tidlegare publisert fl eire bøker og artiklar om språklege og språkpolitiske spørsmål.

Til toppen