Språkspor (Ebok)

språk, stad og didaktikk

Forfatter:

, og

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Last ned utdrag    

Forfatter: , og
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2023
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 24.64 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Landslaget for norskundervisning
Språk: Bokmål / Nynorsk
ISBN/EAN: 9788245047912
Kategori: Pedagogikk
Omtale Språkspor
Korleis kan staden brukast som kjelde til læring i norskfaget? Denne boka viser korleis by- og bygderomma rundt oss er ei utømmeleg kjelde til å lære om språk.

I denne rikt illustrerte boka gjev forfattarane ein lett tilgjengeleg inngang til korleis læraren kan bruke staden i arbeid med tema som språkhistorie, namngjeving, talespråkleg variasjon og haldningar, normering og språkpolitikk, nabospråk, nasjonale minoritetsspråk og fleirspråklegheit, og slik leggje til rette for aktiv og utforskande læring i skulen. Lesaren møter også kapittel om læraren si profesjonsfaglege tilnærming til språket på staden, om forankringa i LK20 og potensialet for djupnelæring, og dessutan korleis metoden kan nyttast i tverrfagleg arbeid.

Trude Bukve (fødd 1986) er førsteamanuensis i norsk og norsk som andrespråk ved Høgskulen på Vestlandet. Bukve er oppteken av fleirspråklegheit, språkpolitikk og opplevingar av språk og læring i utdanning.

Ingvil Brügger Budal (fødd 1975) er professor i nordisk språkvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er oppteken av tekst, språkbruk og språkbrukarar.

Samuele Mascetti (fødd 1991) er høgskulelektor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Han underviser i språkdidaktikk og forskar særleg på språkhistorie.

Til toppen

Andre utgaver

Språkspor
Bokmål/Nynorsk Heftet 2023