Stig ut i naturen (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2008
Antall sider: 191
Forlag: Penna forl.
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788282120050
Omtale Stig ut i naturen
I vårt bre- og fjordafylke er det mange opplevingar å finne i naturen, og her finn du eit knippe små og store høgdepunkt. Alt frå spektakulære toppturar på ski til ei lågmælt skildring av ein koseleg familietur. Vandring i natur og kultur gjer noko med oss, og historiene i denne boka gjev deg innsikt i historiske fakta, kulturminne eller andre kuriosa frå området som det kan vere verdt å reflektere over på din veg. I Stig ut i naturen møter du menneske som har eit nært og spesielt tilhøve til naturen, og du kan lese deira historie. Det er viktig å ikkje oversjå naturperlene som ligg snublande nær, så her prøver vi å gjere naturen meir tilgjengeleg for alle i form av viktig informasjon, og finne dei særeigne og spesielle opplevingane du kan få viss du tek naturen i bruk med fornuft. Kanskje kan boka inspirere deg til å finne din eigen favorittur, til og med rett i nabolaget? Trenden er klar: Vi vil tilbake til naturen, og oppleve det ekte. Så Stig ut i naturen, og opplev sider ved Sogn og Fjordane du kanskje ikkje var klar over. God reise!

Til toppen