Sund på Søre Sotra (Innbundet)

Band 6

Serie: Sund på Søre Sotra 6

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2019
Antall sider: 670
Forlag: Sund kommune
Språk: Nynorsk
Serie: Sund på Søre Sotra
Serienummer: 6
ISBN/EAN: 9788299980739
Kategori: Historie
Omtale Sund på Søre Sotra
Sund på søre Sotra - slik er kommunen Sund plassert, på den sørlege delen av øya Sotra vest for Bergen. Boktittelen er henta frå ein song av Johannes Kleppevik. Sund var tidlegare eit øy- og kyst samfunn der sjøen spelte ei viktig rolle, ved sida av det gards-bruket kunne gje. Det er eit heilt anna samfunn me møter i våre dagar. Bruer og vegar er bygde, og det har kome varierte arbeidsplassar og sørvis- og kulturtilbod.

Band 1-5 i dette bokverket, utgjevne i åra 2012-16, er gards- og slektssoger for alle matrikkelgardane i kommunen. Det sjette bandet, som du no har i handa, er kultursoga. Ho fortel historia om Sund heilt frå slutten av den siste istida og fram til kommunesamanslåinga i 2020. Her kan ein lesa om korleis menneska levde i steinalderen, og om gards-samfunnet som vart til i jernalderen. Ved overgangen frå vikingtida til mellomalderen vann ein ny religion, kristendomen, fotfeste, og dei første riks-kongane begynte å byggja opp statsmakta med rettsstell og forsvar. Svartedauden midt på 1300-talet var ein katastrofe, med stort folketap og mange øydegardar. På 1600-talet får me for første gong kjelder som fører oss tett inn på sundsokningane. Me møter dei i kvardag og fest, i ?skebåten, på byferd, i arbeid på garden, i tingstova og på kyrkje-veg. Ved midten av 1700-talet vart skulestellet og fattigvesenet organisert.

Til toppen

Flere bøker av Frode Fyllingsnes:

Bøker i serien