The Flåm railway (Innbundet)

Forfatter:

Thomas Morel (Illustratør) Jan Talsethagen (Oversetter) Angela Shury-Smith (Oversetter)

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2015
Antall sider: 79
Illustratør: Morel, Thomas
Forlag: Skald
Språk: Engelsk
Originaltittel: Flåmsbana
Oversatt av: Talsethagen, Jan og Shury-Smith, Angela
ISBN/EAN: 9788279592297
Omtale The Flåm railway
I 2002 ga SKALD forlag for første gong ut den vesle boka om den store Flåmsbana, den spektakulære togreisa som har vorte ein av dei største turistattraksjonane i Norge. Over 600 000 passasjerar tek den verdskjende togturen årleg. Boka om Flåmsbana er utgitt på sju språk, i 30 000 eksemplar og har blitt ein klassikar i suvenirboksamanheng.
I vår kjem den populære turistboka ut på nytt, fullstendig revidert, i ny design og denne gongen med foto av Thomas Morel. Morel er ein nederlandsk fotograf, busett i Norge, som etterkvart har bygt seg opp eit stort namn. Han har gjennomført fleire spennande fotoprosjekt i inn- og utland for mellom anna Helly Hansen, Puma og NYC Ballet. Han fekk sitt gjennombrot med fotoserien av dansarane frå Nasjonalballetten.
I boka gir Johs. B. Thue ei kortfatta, lettlest og oppdatert framstilling av fakta kring den brattaste bana i verda på normalspor; frå jernbanehistorie, via Flåmsbygda til anleggskunst og rallarliv. Boka gir innsikt i dei historiske, kulturelle og tekniske sidene ved den kjende togreisa. Med Morel sine fantastiske bilde frå ulike årstider vil boka halde fram som klassikar i mange år.

Til toppen

Andre utgaver

Flåmsbana
Nynorsk Innbundet 2018
Die Flåmsbahn
Tysk Innbundet 2018

Flere bøker av Johs. B. Thue: