Tid for tale - lydeksempel av Liv Marit Aksnes (Lydbok-CD)

Tid for tale - lydeksempel (Lydbok-CD)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Lydbok-CD
Utgivelsesår: 2004
Innleser: Flere
Spilletid: 1:19
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk: Bokmål / Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202245184
Kategori: Pedagogikk
Omtale Tid for tale - lydeksempel

Munnlege "tekstar" er best i lydform! Denne CD-en inneheld lydeksempel til bruk saman med boka Tid for tale - munnleg norsk i skolen. Eksempla er henta frå profesjonelle innlesingar av prosa og lyrikk, utdrag frå radioprogram og debattar, samt autentiske opptak i klasserommet.

Her kan du sjå og høyre korleis bok og CD kan brukast saman! Klikk på megafonikonet over for å høyre spor 25 på CD-en.

Utdrag frå kapittel 4 i boka, analyse av korleis barn fortel:

Når barn i førskole- og småskolealder fortel, spelar dei ofte på eit større ikkje-verbalt uttrykksregister enn dei eldre barna. Dei karakteriserer situasjonar og personar på ein meir levande og variert måte, noko som historiene om «De tre cola-flaskene» er eit godt eksempel på.

Begge forteljarane hentar innhalds- og formelement frå eventyret «Dei tre bukkane Bruse» når dei fortel sine munnleg traderte versjonar. Guten på seks og eit halvt år er den som har ein klårast struktur på forteljinga, som har med seg mest av innhaldet og får klårast fram poenget. Den halvanna år yngre systera har også tids- og årsaksmessig samanheng i forteljinga; dei tre episodane blir fortalde i rett rekkjefølgje, men ho får ikkje med seg alle innhaldsmomenta – og lagar sin heilt eigen vri på avslutningspoenget. Men styrken i forteljinga hennar er den levande og uttrykksfulle måten ho framfører forteljinga på. Både etterlikninga av «stega» (klukk-klukk ...) og dramatiseringa av replikkane gir liv og sjarm til forteljinga. Også guten markerer overgangen mellom forteljing og replikk, men bruker ikkje like sterke klangfargar og like variert toneleie til å karakterisere personar og handlingar.

Etter som barn blir eldre, har dei ein tendens til å moderere stemmeuttrykket til ein meir jamn talestraum. Desto viktigare er det at arbeidet med munnleg forteljing ikkje berre handlar om stoff, struktur og språk, men også om variert og uttrykksfull framføring.

Utdrag frå kapittel 7 i boka, oppgåve til same forteljing:

Samanlikn dei to versjonane av «De tre cola-flaskene» og gi ei vurdering av forteljekompetanse og framføring.

Til toppen

Andre utgaver

Tid for tale
Nynorsk Heftet 2007