Nord er Cappelen Damms gjendiktingsserie for dei beste nordiske diktsamlingane i nyare tid.
Einar Már Guðmundsson (f.1954) har eit omfattande og sjangerrikt forfattarskap. Han har mottatt ei lang rekke prisar, mellom anna Nordisk Råds litteraturpris.
Til rette vedkomande fekk glimrande kritikk da boka vart utgjeven på Island og i Danmark i 2019. I samlingas sju delar oppstår poesien i spenn mellom ljos og mørker, håp og melankoli, humor og alvor, æva og det forgjengelege. Ofte svevar dikta i lufta hos fuglane, men her finst òg plass til det verdslege og konkrete, og til diktarens sosiale engasjement. Dikta er nære, ofte med underfundige glimt av humor, og alltid med eit stort rom for ettertanke. Dette er fyrste gong ei diktsamling av Einar Mar Gudmundsson blir utgjeven på norsk.
Einar Már Guðmundsson (f.1954) er bland våre store nordiske forfattarar. Han har skrive romanar, noveller og lyrikk, og han er ein av Islands mest populære og internasjonalt anerkjende forfattarar. I 1995 fekk han Nordisk råds litteraturpris for romanen Universets engler. Til rette vedkomande blei gjeve ut i 2019.
Samlinga er gjendikta av Knut Ødegård (f.1945). Han debuterte som lyrikar i 1967 med Drøymaren, vandraren og kjelda. Sidan har han gjeve ut mange diktsamlingar, blant anna Stephensen-huset og Det blomstra så sinnssjukt. Han har også gjendikta utanlandske dikt til norsk, og hans eigne dikt er gjendikta til fleire språk, 42 i alt. Det siste han har gjeve ut er diktsamlinga Sirkusdirektøren (2019).
Til toppen