Jan Roar Leikvoll

(f. 1974) debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008. Med Fiolinane (2010) og Bovara (2012) stadfesta han at han er ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur.
Bøkene til Leikvoll er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert med nådelaus realisme. Leikvoll er ein original forteljar som tør å gå heilt eigne vegar, og for dette har han hausta unison ros frå kritikarar og lesarar.
2010 blei Leikvoll tildelt Sigmund Skard-stipendet for det som er starten på ein original og viktig forfattarskap. I grunngjevinga frå juryen heitte det m.a. at Leikvoll har på truverdig og effektfullt vis smelta saman det vonde og det vakre, og vi kan ikkje unngå å bli rørt av dei spørsmåla som bøkene hans stiller. Juryen ser fram til at Jan Roar Leikvoll skal skape nye spennande og originale litterære univers.
2013 blei Leikvoll tildelt Stig Sæterbakkens minnepris.
Leikvoll er frå Frekhaug i Nordhordland og har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Viser 1 - 16 av 16